tirsdag 18. oktober 2022

Eit siste kast før me gjev oss...

Forfattar: Bjarte Folkestad

Underteikna og Anders hadde oss ein særs gilde tur til Slufsane den 10.09.2022 til 11.09.2022. Me starta tidleg laurdag og la i veg frå høvesvis Volda og Flisnes. Stor var gjensynsgleda då me møttest på Muri kjøpesenter. Det meste av handlinga var gjort på førehand, så det einaste som stod att var å kjøpe seg litt mat på Sylteormen bakeri før me køyrte i lag opp til Fettevikane.

Veret var stort sett opplett og sol denne dagen, men det var ein kald trekk som hadde ein nordaustleg retning. Me traska den lange, og litt keisame vegen fram til der elva kryssa stien og me skulle vende nasa oppover mot Slufsane. Før denne turen hadde me drøfta kor vidt me skulle gå Langmannsdalen eller den bratte råsa frå Smalnesreset. Underteikna har gått Smalnesreset opp ein gong, men ikkje ned igjen. Det var for å seie mildt, helvetta bratt, og det freista ikkje til gjentaking med full oppakkning. Så me vart samde om å gå den lange omvegen (jamvel om Anders kanskje helst ville gått Smalnesreset).

Vi nærmer oss målet!

Vel oppe (me brukte drøyt 2,5 time), kunne me konstatere at tilhøva var meget oppegåande der vatnet veksla mellom å vere blikkstille, og litt vindkrusing innimellom. Underteikna konsentrerte seg med å fiske med tørrfluge medan Anders fiska med større stingsild frå 20 gram og oppover. Han må fiske med tung sluk, den som stor fisk skal ha, må vite.

Me tok oss god tid og fiska oss til utosen av elva som kjem ned frå den øvstevatnet (1320). Det var ingen napp å få, og heller ikkje mykje vakande fisk å kaste på. Me rusla derfor attende til campen og kokte oss litt middag. Underteikna hadde forresten før denne turen investert i eit nytt 2-manns-telt (McKinley Quantum 10.2), meget lett og fungerte fint til denne turen. Andersen låg derimot under open himmel med dunpose og jerven fjellduk. Me gjorde nokre kast på vak etter middagen, men dagen enda utan fangst. Mørket kom tidleg, og temperaturen vart merkbart lågare utover kvelden. Me tok derfor tidleg kvelden og la oss kvar for oss, ein i telt og ein i duk.

Bjarte har fått los på storfisken.

Neste dag bestemte me oss for å gå opp til det øvste vatnet. Det tok ein god halvtime å rusle opp. Landskapet endra seg, terrenget vart meir goldt og meir snø dekte sidene av dalen. Men det var likevel eit fantastisk landskap som opna seg der oppe. Me tok nokre kast i det store vatnet, før me retta blikket ned mot tjønna nedanfor vatnet. Var ikkje det eit vak me såg der? Me lista oss ned og kunne konstatere at det vaka jamnt, og at dette såg ut til å vere anstendig storleik. Sola stod rett på oss og vatnet var krystallklart, her var det berre å legge ut eit fristande fluge og så skulle det vere i boks. Eg kasta ut ei fluge, bomma så det suste og skremde fisken, men lot fluga ligge. Langsamt kunne me sjå korleis fisken bevegde seg sakte mot fluga. Så tok den ein jafs! Satt han? Skulle me endeleg få fisk på turen. Nei... fisken sat ikkje på, og vekk var han. Utruleg spanande, men akk for ein nedtur.

I den lille tjønna her vaket det halvkilosfisk.

Så nær, men likevel så fjernt. 

Me tok nokre kast til, både i tjønna og det store vatnet, men måtte vende nasa attende til leiren utan fangst. På attende tok me nokre kast til. Det var lite bet, og me byrja no for alvor å snakke meir og meir om at no hadde me gitt desse vatna nok sjangsar. Me telte opp og kom fram til at underteikna no hadde vore der fire gonger, medan Anders hadde vore der seks gonger. Og me hadde strengt tatt berre fått ein fisk kvar. For eiga rekning så måtte det understrekast at dette var eit personleg rekord vatn på fluge med 5 hekto (den største fisken underteikna har fått er som kjent 8 hekto tatt på disco-cicada i Kalandsvatn i Bergen). Men me byrja likevel å konkludere med at dette måtte nok bli siste turen til desse vatna.

Ikke antydning til napp, på tide å gi opp?

I det me nærma oss leiren, så såg eg at det var eit aldri så lite vak i ei bukt i nærleiken av land. «Eg kan vel ta eit siste kast før me gjev oss» tenkte eg i det eg la ut ei nokså skada daddy-long-legs fluge på vatnet. Plutseleg tok kreda tak i fluga og eg såg at no var fisken på. Eg ropte «jess!» til min turkamerat og partner in crime, no sit fisken! Eg sveivde inn, men plutseleg var fisken vekke. «Nei no for han» sa eg. Kva skjedde? Eg såg på snella mi, og konstaterte at eg i gledesrusen av å få napp hadde sveivd feil veg på flugensella. I staden for å sveive inn sena, sveide eg sena ut. I brøkdelen av eit sekund restarta eg og byrja å sveive inn igjen. Fisken var framleis på! Så starta ein 7-8 ja kanskje 10-minnutters kamp mellom ei redige dusse, ein flugefiskar og ein pissenervøs håvar! Me køyrte fisken og halte han innover, men kvar gong Andersen skulle til å håve fisken så for kreda utover og nedover. Det var nesten so ein kunne mistenkte kreda at den visste kva håv var for noko. Men so, etter lang tids kamp klarte me endeleg å lande fisken, og guds lukke kor deligt det var!
I løpet av kort tid hadde turen endra karakter, og plutseleg forsvann praten om at dette vatnet no hadde fått sine sjangsar. Og ikkje berre det, ny personleg rekord på fluge. 7 hekto!

Rekordfisken (på fluge) fra samme plass 2013

Ny rekordfisk 2022! 


Nei me var alle samde om at dette var ein særs gilde tur. Dette var fole kjekt!



Takk til mannen, legenden og storfiskeren Bjarte for nydelig turhistorie. Bare husk å sveive riktig vei neste gang kompis!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar